Stavanger Kaffebrenneri
Økologisk julekaffi – heile bønner, 250 g
Økologisk julekaffi – heile bønner, 250 g
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Økologisk julekaffi frå Stavanger Kaffebrenneri er ei fyldig kaffiblanding med intens aroma og rund smak. Blandinga består av 100 % økologiske kaffibønner frå Rwanda, Mexico og Etiopia.
I koppen finn du smakstonar av sitron, karamell, sjokolade og druer. Ein kaffi å nyte til julekakene, rundt frukostborde eller i ei roleg stund mellom juleførebuingane.
Ei fin julegåve til ein kaffiven, eller noko godt å fylle di eiga kaffikvern med i adventstida.
Smaksprofil: Fyldig og rund, med intens aroma og tonar av sitron, karamell, sjokolade og druer.
Opphav: Rwanda, Mexico og Etiopia. 100 % økologiske kaffibønner.
Share

Ofte stilte spørsmål
Frakt og levering
Frakt til PostNord hentestad kostar frå 129 kr, og Bring heimlevering kostar 135 kr. Du får fri frakt når du handlar for over 1 200 kr. Vi sender normalt bestillinar fortløpande. Spesialprodukt, som SMAK-kalenderen, kan ha eigne fraktvilkår. Da står dette på produktsida.
Kan eg hente i butikken i Lom?
Ja! Vel henting i butikk når du bestiller, så gir vi beskjed når varene er klare.
Kan eg sende dette som gåve?
Ja! Vi kan sende bestillinga direkte til mottakaren og legg gjerne ved ei personleg helsing. Når bestillinga er ei gåve, sender vi ikkje med pakkseddel eller informasjon om pris.
Spørsmål om produktet?
Lurer du på noko om produktet, ingrediensar eller bestilling? Ta gjerne kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne ♥