Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Smak i Lom.

Bestilling og frakt

Kva kostar frakta?

Frakt til PostNord hentestad kostar 129 kr, og Bring heimlevering kostar 135 kr. Du får fri frakt når du handlar for over 1 200 kr.

Enkelte spesialprodukt, slik som SMAK-kalenderen, kan ha eigne fraktvilkår. Dette vil i så fall stå på produktsida.

Kor lang er leveringstida?

Vi sender ut bestillingar fortløpande i veka, kjem bestillinga inn fredag, laurdag eller sundag så sender vi etter helga. Vanleg leveringstid er 2-4 dager frå det er sendt frå oss.

Du får sporingsnr på mail når pakka er sendt.

Kan eg hente bestillinga i butikken i Lom?

Ja! Vel henting i butikk når du bestiller, så gir vi beskjed når varene er klare.

Du finn oss i Sognefjellsvegen 3, midt i Lom.

Kan de sende ost, spekepølse og andre kjølevarer?

Ja. Vi sender produkt vi veit toler transport godt, som til dømes voksa brunost og spekepølser.

Kjølevarer prøver vi å sende tidleg i veka, slik at dei ikkje blir liggjande unødvendig lenge under transport. Legg kjølevarer i kjøleskapet så snart du får pakken.

Kva skjer dersom ei vare eg har bestilt er utseld?

Det kan ein sjeldan gong skje at ei vare blir utseld før vi får oppdatert lageret i nettbutikken.

Då tek vi kontakt med deg og finn ei løysing – anten tilbakebetaling eller ettersending når vara er på lager igjen.

Produkta våre

Kva betyr ØKO?


ØKO bruker vi på produkt som er økologiske. Du finn meir informasjon om råvarer, ingrediensar og produsent på den enkelte produktsida.

Er alle produkta hjå Smak i Lom økologiske?

Nei. Vi har mange økologiske produkt, men ikkje alt i butikken er økologisk.

Alle varene våre er håndplukka, og vi leitar etter små produsentar som brenn for det dei lagar. Vi er opptekne av gode råvarer, handverk og produkt vi verkeleg har tru på.

Kvar kjem produkta dykkar frå?

Mange av produkta våre kjem frå små produsentar her i Lom, Gudbrandsdalen og andre stader i Noreg.

Vi har også nøye utvalde produkt frå andre stader når vi meiner dei fortener ein plass i hyllene våre.

Hjå oss finn du ikkje alt – men du finn det vi verkeleg trur på ♥

Gåver og betaling

Kan eg sende ei bestilling direkte som gåve?

Ja! Vi kan sende bestillinga direkte til den du ønskjer å glede.

Skriv den personlege helsinga di til oss når du bestiller, så legg vi ho ved i pakken. Når bestillinga er ei gåve, sender vi ikkje med pakkseddel eller informasjon om pris.

Kva betalingsmåtar kan eg bruke?

Du kan betale trygt med vipps eller klarna i nettbutikken.

Retur og hjelp

Kan eg returnere ei vare?

Ved kjøp i nettbutikken har du som hovudregel 14 dagars angrerett. Angreretten gjeld likevel ikkje for varer som raskt kan bli forringa eller går ut på dato, til dømes enkelte ferskvarer.

For andre varer gjeld vanlege reglar om angrerett. Du betaler sjølv kostnaden for retur.

Du finn fullstendig informasjon i returvilkåra våre.

Kva gjer eg dersom noko er feil eller skadd når eg mottar pakka?

Ta kontakt med oss så snart som mogleg dersom noko er feil, manglar eller har blitt skadd under transport.

Send gjerne med eit bilete dersom noko er øydelagt, så hjelper vi deg med å finne ei løysing.

Korleis kontakter eg dykk?

Har du spørsmål som du ikkje finn svar på her, er det berre å ta kontakt med oss på epost: post@smakilom.no.

Vi hjelper deg gjerne ♥