OM OSS

Opningstider

Mandag til torsdag 10-16

Fredag 10-17

Laurdag 10-15

Vi startar med sundagsope i slutten av mai. Vi har og ekstra ope i langhelgar i mai, sjå gjerne facebook-sida vår!

Om oss

På Smak i Lom har vi gjort jobben for deg, og spora opp det beste av ekte, rein,
økologisk & handlaga mat og drikke.

Vi brenn for mat som er laga på ekte råvarer, utan kunstig tilsetning, gjerne økologisk,
og handlaga frå småskala produsentar som bryr seg om dyra og naturen.

Hjå oss kan du finne basisvarer til kvardagen, som gardsmjølk, økologisk frukt &
grønt, norsk mjøl av urkorn, økologisk kaffi, krydder & te. Ynskjer du noko
til ei spesiell anledning har vi og norske handverksoster, kjøtt frå grasfôra
dyr, reinskjøtt frå Jotunheimen og drikke frå det lokale bryggeriet.

Vi er og veldig stolte over å ha laga vår eiga lausvektavdeling, med økologisk krydder
og te frå Aukrust Gard og Urteri. Her kan du fylle så lite eller mykje du vil,
det er lågare kg.pris og vi sparer emballasje og plast. Vi har og økologiske
vaskemidler i lausvekt. Ta gjerne med eiget glas eller flaske.

Uansett kva du treng, så kan du vere trygg på at alt hjå oss er trygt, reint og utan skadelege
ingrediensar. Vi har høge krav til produkta som slepp inn i butikken vår.

Ekte mat. Ekte råvarer. Ekte folk.