Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Smak i Lom

SMAK-kalenderen 2026

SMAK-kalenderen 2026

Vanlig pris 2.400,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 2.400,00 NOK
Ekstra god pris ♥ Utseld - Snart attende 💛
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


24 handplukka produkt  – for ekstra adventskos 💛

Bak kvar pakke skjuler det seg noko frå utvalet vårt av ekte, gode produkt frå små produsentar. Du kan møte alt frå krydder, syltetøy, ost og spekemat til søtsaker, drikke og velværeprodukt.

24 dagar med små smaksopplevingar

SMAK-kalenderen er laga for deg som likar å oppdage noko nytt – eller som vil gi bort ei skikkeleg annleis førjulsgåve.

Gjennom advent får du bli kjent med produkt og produsentar vi sjølve har valt ut til Smak i Lom. Nokre produkt kjenner du kanskje frå før. Andre hadde du kanskje aldri plukka med deg frå butikkhylla – og nettopp det er litt av poenget.

Her kan det dukke opp produkt innan:

  • ost og spekemat
  • krydder og andre smakar til kjøkkenet
  • syltetøy, honning og sirup
  • søtt og godt
  • drikke
  • såpe og velvære

Kva som ligg bak dei 24 pakkene, held vi sjølvsagt hemmeleg.

Vi set saman kvar kalender for hand her i Lom.
Fortel oss gjerne litt om kven kalenderen skal til når du bestiller – om det er ein barnefamilie, eit par eller ein som skal ha alle 24 pakkane for seg sjølv. 

Sidan vi pakkar kvar kalender sjølve, kan vi tilpasse enkelte av produkta undervegs 💛

«Vart årets adventsoppleving for både store og små i fjor. Gode og spanande smakar. Ingen tvil: Ny bestilling er lagt inn.»
– Bjørn-Olav

«Fikk mange gode produkt. Anbefalast for å prøva ut produkt ein kanskje ikkje hadde kjøpt før. God valuta for pengane :-)»
– Kristine

Kvar kalender blir laga for hand

Dette er ikkje ein masseprodusert julekalender.

Vi plukkar ut produkta, set saman kvar kalender og pakkar inn 24 produkt i full størrelse sjølve. Derfor kan innhaldet variere – og derfor får kvar kalender sitt eige preg.

Vi lagar kalendrane fortløpande fram mot advent, og kor mange vi kan tilby avheng av kor mange vi rekk å pakke. Vi sender ut frå slutten av oktober og i løpet av november - i god tid før 1. desember.

Praktisk informasjon

Pris: 2 400 kr
Innhald: 24 innpakka produkt i full størrelse

Kjølevarer: Ligg øverst i ein liten pose så du kan legge den i kjøleskap
Sending: PostNord til hentestad
Frakt: Kalenderen har eigen fraktpris på 149,- på grunn av vekt og storleik
Henting i Lom: Hent gratis i butikken, vi avtaler direkte med deg.

 Levering: Kalenderen  blir sendt i god tid før 1. desember.

Bestillingsfrist: 23. november

 


Vis alle detaljer

Ofte stilte spørsmål

Frakt og levering


Frakt til PostNord hentestad kostar frå 129 kr, og Bring heimlevering kostar 135 kr. Du får fri frakt når du handlar for over 1 200 kr. Vi sender normalt bestillinar fortløpande. Spesialprodukt, som SMAK-kalenderen, kan ha eigne fraktvilkår. Da står dette på produktsida.

Kan eg hente i butikken i Lom?


Ja! Vel henting i butikk når du bestiller, så gir vi beskjed når varene er klare.

Kan eg sende dette som gåve?


Ja! Vi kan sende bestillinga direkte til mottakaren og legg gjerne ved ei personleg helsing. Når bestillinga er ei gåve, sender vi ikkje med pakkseddel eller informasjon om pris.

Spørsmål om produktet?


Lurer du på noko om produktet, ingrediensar eller bestilling? Ta gjerne kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne ♥

  • 5 stars: 5 (83%)
  • 4 stars: 1 (17%)
  • 3 stars: 0 (0%)
  • 2 stars: 0 (0%)
  • 1 star: 0 (0%)
A
Aina Nordgård
Så spennende å få prøve mye nytt

Så spennende å få prøve mye nytt. Og at det er fra småskalaprodusenter er heller ingen ulempe. Jeg gir 4 av 5 stjerner kun fordi jeg ikke liker kaffe og øl.. 😂 Jeg regnet selvfølgelig ikke med at dere visste det, og jeg har folk i omgangskretsen som har fått det jeg er for klessete til å like, så absolutt alt har vært bra 👌🏻 Tusen takk! God jul og godt nytt år ønskes 🌟

T
Terje Berntsen
Smak kalenderen😁

Veldig bra👌🍺

A
Anonym
Flotte varer

Flotte varer, nydelig innpakning, og stor glede :-)

B
Bjørn-Olav Hagesether
Smak-kalender

Vart årets adventsoppleving for både store og små i fjor. Gode og spanande smakar. Ingen tvil: Ny bestilling er lagt inn.

K
Kristine Lindborg
Smak adventskalender

Fikk mange gode produkt. Anbefalast for å prøva ut produkt ein kanskje ikkje hadde kjøpt før. God valuta for pengane :-)

R
Rolf N.
Smak-kalender

Svært godt fornøyd! Like spennende hver dag og mye godt😁