Smak i Lom
Gåvepakke med eplegløgg, haustrøykelse og duftlampe
Gåvepakke med eplegløgg, haustrøykelse og duftlampe
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Gjer klart for ein lun kveld i førjulstida med varm eplegløgg og dufta av julekrydder. Denne gåvepakka kombinerer økologisk eplemost frå Nerø Gard og gløggkrydder frå Aukrust med vår eigen økologiske haustrøykelse og ei duftlampe i brun keramikk.
Dette får du i gåvepakka
- Økologisk gløggkrydder frå Aukrust
- Økologisk eplemost frå Nerø Gard
- Vår eigen økologiske haustrøykelse
- Duftlampe i brun keramikk
Smak og duft av førjul
Lag deg ein god kopp eplegløgg av eplemosten og gløggkrydderet, og nyt ei roleg stund medan haustrøykelsen duftar frå lampa. Røykelsen er inspirert av pepperkakekrydder som kanel, ingefær, kardemomme og svart pepper, og passar like godt til jul som til haustkosen.
Ei stemningsfull julegåve til ein som set pris på varme koppar og rolege kveldar, eller noko ekstra godt til din eigen førjulskos.
Share

Ofte stilte spørsmål
Frakt og levering
Frakt til PostNord hentestad kostar frå 129 kr, og Bring heimlevering kostar 135 kr. Du får fri frakt når du handlar for over 1 200 kr. Vi sender normalt bestillinar fortløpande. Spesialprodukt, som SMAK-kalenderen, kan ha eigne fraktvilkår. Da står dette på produktsida.
Kan eg hente i butikken i Lom?
Ja! Vel henting i butikk når du bestiller, så gir vi beskjed når varene er klare.
Kan eg sende dette som gåve?
Ja! Vi kan sende bestillinga direkte til mottakaren og legg gjerne ved ei personleg helsing. Når bestillinga er ei gåve, sender vi ikkje med pakkseddel eller informasjon om pris.
Spørsmål om produktet?
Lurer du på noko om produktet, ingrediensar eller bestilling? Ta gjerne kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne ♥