Rotvoll Safteri
Bringebærsaft ØKO
Bringebærsaft ØKO
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Økologisk bringebær – norsk sommar på flaske
Ei frisk og intens bringebærsaft laga av norske, økologiske bringebær – heilt utan konserveringsmiddel, kunstig farge eller smak. Ekstrahert med damp og filtrert til ein rein og ekte bærsmak som minner om ein varm sommardag.
Bland 1 del saft med 3 deler vatn for den perfekte leskedrikken!
Bruksområde
- Klassisk saft – bland med vatn eller mineralvatn for ei frisk, raud drikke
- I drinkar og mocktails – gjev fin farge og intenst bærsmak
- Som sirup over iskrem, pannekaker og yoghurt
- I saus til vilt og lam – den søte syrligheten kompletterer kraftige kjøttrettar perfekt
Om produsenten
Rotvoll Safteri er ein del av Camphill Landsbystiftelse i Trondheim – eit bo- og arbeidsfellesskap på antroposofisk grunnlag for menneske med behov for tilrettelagt arbeid og omsorg. Dei bruker økologiske og bio-dynamiske råvarer, og kvar flaske støttar eit meiningsfylt og inkluderande fellesskap.
Ingrediensar: Norske, økologiske bringebær, 33% økologisk rårørsukker per 100g saft. Ekstrahert med damp, filtrert.
Mengde: 0,75 L
Obs: Oppbevar i kjøleskap etter opning – avgrensa haldbarheit utan konserveringsmiddel.
Share

Ofte stilte spørsmål
Frakt og levering
Frakt til PostNord hentestad kostar frå 129 kr, og Bring heimlevering kostar 149 kr. Du får fri frakt når du handlar for over 1 200 kr. Vi sender normalt bestillinar fortløpande.
Kan eg hente i butikken i Lom?
Ja! Vel henting i butikk når du bestiller, så gir vi beskjed når varene er klare.
Kan eg sende dette som gåve?
Ja! Vi kan sende bestillinga direkte til mottakaren og legg gjerne ved ei personleg helsing. Når bestillinga er ei gåve, sender vi ikkje med pakkseddel eller informasjon om pris.
Spørsmål om produktet?
Lurer du på noko om produktet, ingrediensar eller bestilling? Ta gjerne kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne ♥