Gullskrubbsåpe
Gullskrubbsåpe
Fjellbit Gullskrubb er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Dette er ei mild og pleiande såpe som du kan bruke til heile kroppen. Ta den gjerne med i dusjen for å nytte den som kroppssåpe eller komplett dusjsåpe, og nyt ei naturleg spa-oppleving.
Den heimelaga såpa er tilsett skal av bygg, noko som gjev ein naturleg skrubb-effekt på huda. Oljene i såpa tilfører fukt og pleie. Få ein naturleg spa ved å ta den med i dusjen!
Skalet frå byggen er eit restprodukt frå produksjon av det kjende matmjølet “Skjåkmjøl” på Skjåkmølla. Kornet er hausta lokalt i Skjåk. Honningen kjem frå såpeprodusenten sin eigen bigard.
Ingrediensar
Olivenolje, kokosolje, rapsolje, sheasmør, bygg, honning
Gullskrubben inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer