Samling: STOLTE ANTON

Stolte Anton lagar smaksrike produkt av lokal frukt og bær frå bygda Eidsdal i Fjord kommune, Møre & Romsdal. Alle produkta er utan kunstig tilsetning eller konservering, og all frukt og bær er usprøyta.

Namnet kjem frå Anton Nydal som var ein dyktig bonde som drev med både frukt og grønnsaker i bygda på 1920-talet og utover. No er det Kirsti som driv tradisjonane vidare, i same bygda med dei same råvarene!

 Ein viktig del av filosofien er å ta i bruk unytta ressursar frå tre og busker som ikkje har vore hausta, så som plommer, eple, rips, bringebær og solbær. Slik gjev dei liv til gamle hagar.

STOLTE ANTON