Vår filosofi

Vi brenn for mat som er laga på ekte råvarer, utan kunstig tilsetning, gjerne økologisk, og handlaga frå småskala produsentar som bryr seg om dyra og naturen.

På Smak i Lom har vi gjort jobben for deg og spora opp det beste av ekte, rein, økologisk og handlaga mat og drikke. Vi har høge krav til produkta som slepp inn i butikken vår, så du kan vere trygg på at alt hjå oss er trygt, reint og utan skadelege ingrediensar.

Vi vil òg gjere det lett å velje meir berekraftig. Difor har vi lausvekt, der du sparer både emballasje og plast.

Ekte mat. Ekte råvarer. Ekte folk.