Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Brimi Sæter

Vellagra sæterost 240g

Vellagra sæterost 240g

Vanlig pris 230,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 230,00 NOK
Ekstra god pris ♥ Utseld - Snart attende 💛
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Vellagra sæterost frå Lom! Gullmedalje, Oste-VM 2023

Ein fyldig og smaksrik ost laga av upasteurisert kumjølk frå dyr på sommarbeite i fjellheimen i Lom. Når kyrne går fritt på sætra og beiter på fjellgras, smakar ein det i kvar bit – ei nydeleg, gul ost. Eit ekte sæterprodukt!

Osten er laga av Brimi Sæter og har vunne Gullmedalje under Oste-VM i 2023 – eit kvalitetsstempel som ber vitne om handverk og norsk ost på sitt beste!

Smak og bruksområde

  • På ostefatet – server med kjeks, honning og spekeskinke
  • Til kjøttrettar – riv over grateng, pasta eller bruk på pizza
  • Som gåve – ein prisvinnande norsk spesialost

Om produsenten

Brimi Sæter ligg i hjartet av fjellheimen i Lom. Her produserer dei ost og andre meieriprodukt av mjølk frå eigne kyr som går på sommarbeite på sætra. Den tradisjonelle sæterdrifta gjev ein ost med særpreg!

Ingrediensar: Upasteurisert kumjølk, syrekultur, løype, salt.
Mengde: Ca. 240 g per bit
Best før: Januar 2027

Vis alle detaljer

Ofte stilte spørsmål

Frakt og levering


Frakt til PostNord hentestad kostar frå 129 kr, og Bring heimlevering kostar 149 kr. Du får fri frakt når du handlar for over 1 200 kr. Vi sender normalt bestillinar fortløpande.

Kan eg hente i butikken i Lom?


Ja! Vel henting i butikk når du bestiller, så gir vi beskjed når varene er klare.

Kan eg sende dette som gåve?


Ja! Vi kan sende bestillinga direkte til mottakaren og legg gjerne ved ei personleg helsing. Når bestillinga er ei gåve, sender vi ikkje med pakkseddel eller informasjon om pris.

Spørsmål om produktet?


Lurer du på noko om produktet, ingrediensar eller bestilling? Ta gjerne kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne ♥