Smak i Lom
Haustrøykelse - handblanda hjå Smak i Lom
Haustrøykelse - handblanda hjå Smak i Lom
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Varmande røykelse for rolege haustkveldar
Handblanda hjå oss i Lom med økologiske krydder, appelsinskal, myrra og olibanum.
Dufta kjem frå ekte og økologiske råvarer.
50 g
Haustrøykelsen vår er utvikla av Lise og Martine hjå Smak i Lom – og er det aller fyrste produktet vi har laga sjølve.
Vi hadde eit ynskje om ein røykelse som passa til den mørkare årstida, når du trekker inn i sofaen med ei god bok eller ein kopp te. Da passar det perfekt å brenne denne røykelsen som har ei varm og krydra duft ❤
Friskheit frå appelsin i kombinasjon med krydra toner frå kanel, kardemomme, ingefær og nellik - laga med ekte myrra og harpiks.
Alle råvarene er økologiske, og røykelsen er handblanda av oss her i Lom, basert på vår eiga oppskrift.
Ingrediensar: økologisk appelsinskal, ceylonkanel, kardemomme, ingefær, olibanum, myrra, svart pepar, nellik og muskat.
Tips: Du treng ei duftlampe for å bruke røykelsen, ha gjerne oppi litt vatn saman med røykelsen for å få dufta fram enda meir.
Share

Ofte stilte spørsmål
Frakt og levering
Frakt til PostNord hentestad kostar frå 129 kr, og Bring heimlevering kostar 135 kr. Du får fri frakt når du handlar for over 1 200 kr. Vi sender normalt bestillinar fortløpande. Spesialprodukt, som SMAK-kalenderen, kan ha eigne fraktvilkår. Da står dette på produktsida.
Kan eg hente i butikken i Lom?
Ja! Vel henting i butikk når du bestiller, så gir vi beskjed når varene er klare.
Kan eg sende dette som gåve?
Ja! Vi kan sende bestillinga direkte til mottakaren og legg gjerne ved ei personleg helsing. Når bestillinga er ei gåve, sender vi ikkje med pakkseddel eller informasjon om pris.
Spørsmål om produktet?
Lurer du på noko om produktet, ingrediensar eller bestilling? Ta gjerne kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne ♥