Floravind
FLORA Blomstersalve
FLORA Blomstersalve
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
FLORA Blomstersalve – blomster inn i sår og sprekker
Ei nydeleg og nærande salve laga med økologiske roser dyrka i Lom, lavendel og ylang-ylang – handlaga av Floravind. FLORA er laga for deg som ynskjer å pleie huda med reine og økologiske ingrediensar.
Kva FLORA hjelper med
- Tørr og sår hud – særleg gjennom haust- og vintervær
- Sår hud og arr som treng tid og omsorg
- Eksem og psoriasis – fleire kundar har erfart god effekt
- Dagleg pleie for hud som treng naturleg næring og beskyttelse
Dei eteriske oljene – valt med omtanke
Lavendel er sårlegende og cellefornyande, ylang-ylang er antiinflammatorisk og god for sår og arr, og rosentre er tørr hud, eksem og psoriasis.
Denne salva heitte tidlegare Vintersalve.
Ingrediensar
Olivenolje*, kokosolje*, lavendeluttrekk i solsikkeolje*, nattlysolje*, bivoks*, tinktur av rose*, eteriske oljer av lavendel* (Lavandula angustifolia), ylang-ylang* (Cananga odorata) og rosentre* (Dalbergia sissoo).
(*økologiske)
Mengde: 30 ml
Produsent: Floravind, Lom
Share

Ofte stilte spørsmål
Frakt og levering
Frakt til PostNord hentestad kostar frå 129 kr, og Bring heimlevering kostar 135 kr. Du får fri frakt når du handlar for over 1 200 kr. Vi sender normalt bestillinar fortløpande. Spesialprodukt, som SMAK-kalenderen, kan ha eigne fraktvilkår. Da står dette på produktsida.
Kan eg hente i butikken i Lom?
Ja! Vel henting i butikk når du bestiller, så gir vi beskjed når varene er klare.
Kan eg sende dette som gåve?
Ja! Vi kan sende bestillinga direkte til mottakaren og legg gjerne ved ei personleg helsing. Når bestillinga er ei gåve, sender vi ikkje med pakkseddel eller informasjon om pris.
Spørsmål om produktet?
Lurer du på noko om produktet, ingrediensar eller bestilling? Ta gjerne kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne ♥
Flora blomstersalve er utruleg god å bruke for å forebyggje tørr, raud og irritert hud. Den inneheld berre gode og reine ingredienser, og ikkje noko vatn, så den er veldig god å bruke på vinteren. Og den luktar óg veldig godt!
Her brukast den av tre generasjonar, av båe kjønn. Og alle er like fornøgde!