Mi historie - Mat, helse og draumen om å hjelpe folk

Hei du!

Eg har lenge tenkt på å dele litt meir om meg sjølv og mi reise – og kvar motivasjonen og lidenskapen min rundt ekte og rein mat kjem fram - så her kjem mi historie:

Eg har frå eg var ganske lita vore interessert i matlaging, og fulgte kosthaldsråda med steking i rapsolje, mykje fullkorn og frø, magert kjøtt som svin og mykje grønt ( Hadde eg visst det eg veit no..)

Før eg kunne noko som helst om mat og helse, var min største draum å bli BUTIKKDAME. Mest for å bruke maskina som sa BIP kvar gong du scanna ei vare!

 

Da eg var i starten av 20-åra fekk eg, over natta omtrent, veldige problem med fordøyelsen, som nesten gjorde at eg ikkje klarte å fullføre skulegangen (eg studerte på den tida historie og engelsk litteratur på høgskule).

Eg gjekk til doktor og ernæringsekspertar, og fekk påvist fleire matintoleranser, og følte meg ganske fortapt og forvirra.

Men eg har alltid vore sjølvstendig og sta, så eg tok kjapt saken i eigne hender, og byrja undersøke korleis mat og fordøyelsen, ja helse generelt, heng saman. Og dette var i 2014, så det var definitivt mykje vanskelegare å finne både informasjon og likesinna for 12 år sidan!

Det fyrste eg gjorde var å legge om til eit råvarebasert kosthald, og laga all mat sjølv – dette fjerna nok ein del triggare for meg og eg vart mykje betre på berre nokre veker. Da eg i tillegg byrja med gelatinrik kraft, som innheld aminosyrer som reparerer blant anna slimhinner, vart eg kjapt heilt frisk!

Men det stoppa ikkje der!

Eg skjønte at dei offisielle kosthalsråda var heilt på jordet, og eg byrja å fokusere på ekte, næringsrik og tradisjonell mat:

  • Næringsbomber som lever, hjerte, rogn og innmat!
  • Mjølkeprodukt som var upasteuriserte – all næring inntakt og enklare å fordøye!
  • Sunt, metta fett som ekte smør, fløyte, kokosolje, talg
  • Unngjekk korn med mindre det var syrna/surdeig
  • Fermentert mat som sauerkraut, kefir, kombucha, vannkefir
  •  Mykje kraft og gelatin for å reparere og stimulere fordøyelsen
  • Ekte, uraffinert SALT. Så viktig, og mykje vi har lært om salt er feil!
  • Rå eplecidereddik for å stimulere fordøyelsen før måltid
  • Laga mi eiga hudpleie av utsmelta talg og bivoks

 

På denne tida måtte eg verkeleg vere detektiv. Eg var innom alle matvarebutikker der eg budde, tok bussen til nabobygdane for sjekke ut matvarebutikkane der – på jakt etter ekte, rein og økologisk mat. Drøymte om å finne ein bonde så eg kunne få tak i rå mjølk.. Eg hugsar det opna ein lokalmatbutikk der eg budde, og eg spurte etter upasteuriserte oster – nei, det hadde dei aldri høyrt om.

Mine fyrste innlegg på instagram i 2015!

Samstundes starta eg å studere mat, helse og norske mattradisjonar på høgskulen. Eit interessant med noko motstridande studie – i mattradisjon hadde vi ein eigen dag berre om upasteurisert mjølk, rømme og smør! Helsetimane var basert på kosthalsråda, og lærte om korleis smør og metta fett var usunt. Eg tenkte mitt 😅

Eg hadde og ein draum om å jobbe med dette, med ekte og rein mat. Å hjelpe folk. Men eg skjønte ikkje kva jobb det skulle vere! Eg fekk høyre at eg burde skrive, bli journalist, av lærarane mine. Eg vurderte å studere til kosthaldsveiledar.

Men eg var lei skule. Lei av å bu burte frå heime.

Så i 2015 pakka eg sekken og flytta heim til Skjåk utan nokon plan, utan ferdig utdanning og utan jobb. Eg tenkte å få meg ein sommarjobb, og ta det frå der..

Eg fekk sommarjobb i ein nyoppstarta butikk som heitte Smak i Lom, og resten er historie!

Hadde du sagt til meg for 12 år sidan at eg skulle drive min eigen butikk der eg kan selje grasfôra kjøtt, upasteuriserte mjølkeprodukt, økologisk frukt og grønt, ekte fermentert kombucha og sauerkraut, økologisk mjøl, rein hud- og kroppspleie, naturleg og øko vaskemiddel..

Så hadde ikkje Lise på 23 år trudd på at det kunne vore mogleg! Eller at eg kom til å tørre!

Sommaren 2015 byrja eg på Smak, og fekk plutseleg tilgong på upasteuriserte mjølkeprodukt! 

Eg brukte så mykje tid på å vere detektiv, på alle moglege butikkar. På å bli
sett på som ho rare som skulle ha økologisk, og mat utan nitritt, og utan
E-stoff. Ingen eg kjente hadde høyrt om kombucha eller upasteurisert mjølk.

Det at eg nå kan parkere bilen min rett utanfor Smak i Lom, og på 10 minutt finne og kjøpe alt dette, er for meg framleis heilt utruleg! Eg må klype meg i armen. Og DET er grunnen til at eg framleis driv her, framleis har motivasjon og lidenskap etter 11 år med å drive Smak i Lom.

Og eg HÅPER så at andre og ser verdien i dette.

Verdien i kva Smak i Lom er ❤️

Smak i Lom anno 2025; økologisk frukt og grønt, upasteuriserte mjølkeprodukt, kjøttvarer utan nitritt og ekte, fermentert mat og drikke <3

-Lise

 

Tilbake til bloggen

Legg igjen en kommentar

Merk at kommentarer må godkjennes før de publiseres.