Ein liten bit av fjellheimen!

Fjellbit brukar kun urter og ville vekster frå naturens skattkammer. Urtene og honningen kjem frå eigen gard i Skjåk, og ville vekster frå skogen og fjellet rundt. Urtene som er brukte er kjente innan naturleg hudpleie, og er gode for hud og hår.  

Alt er handlaga, og ingen stykke er heilt likt. Ingen parfyme eller essensielle oljer gjer at såpestykka luktar kun såpe, med eit hint av urter i dei som inneheld det. Alle passar derfor for både ung og gamal, dame og mann!  

Fjellbit held til i Skjåk

handlaga og naturleg

Sjampo med nesle og ryllik

Mild sjampo som passer dei fleste hårtyper. Nesle og ryllik er kjent for å gje glans i håret, og kan vere eit middel mot flass. Kan og brukast som såpe til resten av kroppen.

KJØP HER

NÆRANDE OG NATURLEG

Talgsåpe med ringblomst og honning

Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Oljene i talgsåpa gjev fukt og pleie til huda.

Talgsåpa inneheld også ringblomst og honning frå garden i Skjåk.

KJØP HER

naturleg og nærande

Bestemors finsåpe

med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er mild, og kan nyttast både som håndsåpe og kroppssåpe. Oljene gir fukt og pleie til huda. Urtene groblad, nesle og ryllik er kjent for å hjelpe mot ein rekke hudplager.

KJØP HER