Treak - Tradisjonell karamell med einer frå Jotunheimen og Valdres!
Tradisjonsrik søtsak handlaga på reine ingrediensar - ein prosess som krev tid og tolmod! Frå bæra er lagt på kok til produktet er ferdig pakka tek det omlag eit døgn.
Denne fjellkaramellen vart frå gamalt av til på gardar og støler rundt i Jotunheimen og Valdres, men strekk seg faktisk heilt attende til keisar Nero sin livlege! På den tida omtala som «Teriak», ei blanding av krydder, urter og andre droger som skulle kurere «alt».

I bøkene om Kristin Lavransdatter kan ein lese om korleis teriak vart brukt i kamp mot pesten.
Einebæret, kjent for å ha helsebringande egenskaper, vart etterkvart ein naturleg ingrediens i teriaken.
I Valdres, Hallingdal og Gudbrandsdalen vart teriak til treak på folkemunne og fjellviddane var fulle av einerbær som var sanka og kokt til låg. Mange huskar nok at treak var å få kjøpt på blant anna apotek, og her i Lom og Skjåk er det mange som drakk treak-mjølk i barndommen, der treaken vart smelta ut i varm mjølk.
No i dag består treaken av fløyte, brunt sukker og avkok av einerbær, ein søtsak du koser deg med.
Frå gresk medisin til norsk godsak der altså!
Du kan bestille treak i nettbutikken vår HER.