Fjåk er ein liten sjokoladefabrikk som held til i Eidfjord i vakre Hardanger. Dei to sjokoladeglade damene er av dei fyrste i Noreg til å lage såkalla "from bean to bar", og lagar økologisk og etisk sjokolade med smakar av nordisk natur. Fleire av produkta frå Fjåk har vunne internasjonale priser!