Ølkalender 1

24 stk fl i ein flott kalender

PrisNOK1 500,00 inkl. mva.
På lager

Produktinfo

I år lanserer vi to typar av den populære ølkalenderen vår!

I denne lokale varianten så får du øl frå mikrobryggeri som er lokale for oss her i Lom, til dømes Lom Bryggeri, Små Vesen (Valdres), Tya Bryggeri (Årdal) og Geiranger Bryggeri.

Denne er perfekt for deg som ikkje har prøvd kalenderen vår før, og ynskjer å smake deg i gjennom lokale favorittar; kalenderen innheld 24 flasker, ei blanding av 0,5 L og 0,33 L, og innheld både ljose og myrke slag, samt sjølvsagt fleire juleøl.

Flaskane kjem i ein triveleg eske med inndelte og numrerte rom, ei flaske for kvar dag frem til jul - perfekt til deg sjølv, eller som gåve til nokon som er glad i øl!

---------

Kalenderen er klar i siste halvdel av november, men vi tek kontakt og seier i frå til deg! Bestilling av ølkalender gjeld KUN for henting i butikken her i Lom, men vi kan og køyre ut nedover dalen og til Lillehammer. Ta kontakt med oss, så avtaler vi møtested. Ved bestilling av kalender, velg fraktalternativ "Hente hjå Smak i Lom - gratis".