Økologisk fiskekrydder, Aukrust Gard og Urteri

Økologisk krydder som hever smaken på kvar ein fiskerett, spesielt god i fiskesuppe! Men òg til steiking, gratinering, ovnsbaking mm.

NOK69,00 inkl. mva.
På lager

Produktinfo

 

Ingrediensar(alle økologiske): Tørka lauk, dill, graslauk, fennikelblad/-frø, ringblom.

Aukrust Gard og Urteri ligg i Lom, ved foten av Lomseggen. Solrike dagar og tørt klima gjev plantene kraft og aroma. Garden er driven økologisk og bio-dynamisk.

Dette produktet er ein del av Lise sine favorittar:

" Altså, fiskekrydderet frå Aukrust er kanskje det krydderet eg har kjøpt mest av sjølv - det passar til mykje godt, men eg har faktisk berre brukt det til ein rett; den heimlaga fiskesuppa mi! Der brukar eg rekekraft som basis, og saman med dette krydderet er det trikset bak ei nydeleg fiskesuppe! For å lage knallgod rekekraft kan du surre litt lauk og kvitlauk i godt smør, saman med rekeskal, hell så på vatn og la trekke i ca 30min. Anbefalast!"