Ein av bestselgarane frå butikken i Lom! Frå Valldal kjem denne ramslaukpureen, laga av ferske, handplukka ramslauk. Fordi dei bruker kun fersk ramslauk vert produktet laga kun i mai/juni. Kun reine ingrediensar, ikkje noko konservering eller tilsetjing.
Perfekt å blande med smør, rømme eller majones - eller bruke som den er som ei marinering av kjøt og fisk.
Innheld: Ramslauk, rapsolje, halvsalt.