Ein fin urtete å drikke året rundt, frisk og velsmakande kvardagste - sjølvsagt av berre økologiske urter! Dette er ein av dei mest populære typane i butikken her i Lom.
Innheld: sitronmynte, solbær, dragehode, solbærblad, bringebærblad, kornblom, ringblom.
Aukrust Gard og Urteri ligg i Lom, ved foten av Lomseggen. Solrike dagar og tørt klima gjev plantene kraft og aroma. Garden er driven økologisk og bio-dynamisk.