Gudbrandsdalsost “Anno 1863”, Lom og Skjåk Ysteri

Gudbrandsdalsosten “Anno 1863” frå Tine sitt ysteri i Lom og Skjåk. Laga av kumjølk, fløte og geitmjølk. 450 g. Lom og Skjåk Ysteri er det einaste Tine-ysteriet som framleis lagar grytekokt brunost, slik som før i tida. “Anno” er og tilsatt ekstra fløyte noko som gjev ein rund og fyldig smak med hint av karamell.

kr 69,00

På lager

Lom og Skjåk Ysteri fyller 100 år i 2024, og er det einaste Tine-ysteriet som framleis lagar brunost på gamlemåten, ved å koke den i gryte. I “Anno” er det og tilsett ekstra fløyte som gjev osten ein ekstra rund og fyldig smak, med hint av karamell.

“Anno” er inspirert av den opprinnelege  oppskrifta til Anne Hov. Ho utvikla den fyrste Gudbrandsdalsosten i 1863 som 17 år gamal, på Solbråsetra i Gudbrandsdalen. 87 år gamal fekk Anne Hov Kongens fortjenestemedalje for sitt bidrag.

2023 Smak i Lom. Laga av Haus

Personvernerklæring og Cookie Policy