Formost 750 g, Heidal Ysteri

Brunost laga øverst i Gudbrandsdalen! Laga i tradisjonelle treformer, som gjev osten eit fint akantusmønster – eit sterkt symbol på norsk kultur og tradisjon! Heidalsosten passar på bordet både til fest og kvardags – og smaker like godt på brød, flattbrød og anna bakst! Osten vann sylvmedalje under Oste VM i 2023.

kr 245,00

På lager

Heidal Ysteri ligg øvst i Gudbrandsdalen ved porten til Jotunheimen, og er med på å vidareføre norsk kulturarv gjennom sine produkt, som vert produsert på gamlemåten.

I uminnelege tider har det vore kinna smør og laga ost her. Først på setrane og frå 1920 fekk dalen sitt første dampysteri som etterkvart vart til Østlandsmeieriet, i dag kjent som Tine. Da Tine la ned produksjonen i 1995 vart det kimen til «nye» Heidal ysteri som såg dagens ljos i 1999.

Ingrediensar: pasteurisert geitemjølk, myse, fløte og pasteurisert kumjølk.

 

2023 Smak i Lom. Laga av Haus

Personvernerklæring og Cookie Policy