Din handlekurv er nå tom!
Tradisjonsrikt mjøl av bygg frå fjellbygda Skjåk. Bygg er sjølve urkornet i Gudbrandsdalen, og er særleg rikt på kostfiber, b-vitaminer og mineral. Skjåk har godt jordsmonn og lite nedbør, og kunstig vatning med smeltevatn frå fjell og bre gjer at jorda får vatn til rett tid. Dermed får ein bygg av svært god kvalitet! 1 kg.
kr 29,00
På lager
Skjåkmjøl er sammalt byggmjøl, frå Ottadalen Mølle, som vart etablert i 1865. Dei foredlar råvarene på same måte nå som da, med steinmølle og godt handverk – eit trygt og velsmakande produkt frå jord til bord!
Bygg er sjølve urkornet, og har vore dyrka i Gudbrandsdalen i uminnelege tider. Bygg er særleg rikt på kostfiber, antioksidantar, B-vitamin og mineral.
Skjåkmjøl kan brukast som eit godt alternativ til anna mjøl. Tradisjonelt brukt til vassgraut, flatbrød o.l., men og kjempegodt å bruke i rundstykker og brød. Byggmjølet har ikkje så gode heve-egenskaper, så fint å blande med anna mjøl.
Dette produktet er ein del av Lise sine favorittar:
«Eg kjem jo frå Skjåk, og er ekstra glad i byggmjølet! Noko av det beste eg veit er mamma sine grove rundstykker, der ho brukar Skjåkmjøl, blanda med vanleg kveitemjøl. Når ein bakar med bygg vert rundstykka noko «tyngre», men held seg dermed mjuke og ferske lengre! I tillegg smakar dei heilt fantastisk og er knallgode med ein god kvitost på!
Oppskrift:
1 L kaldt vatn
100g smelta meierismør
2 egg
100g gjær
7 dl Skjåkmjøl
16 dl kveitemjøl
Elt deigen godt i maskin, til den slepp bollen. La deigen heve ein times tid, før du trillar rundstykker og lar dei etterheve litegrann. Stek på 200 grader i ca 10-15 min.»
Sognefjellsvegen 3
2686 Lom
Org. nummer: 913550943 MVA
Telefon: +47 993 08 070
E-post: post@smakilom.no