Om butikken

OPNINGSTIDER

I april er butikken open torsdag og fredag 10-16 og laurdag 10-15. Fleire dagar i mai, sjekk gjerne facebook-sida vår for oppdaterte tider.

Velkomen til Smak i Lom!

Vi er ein lokalmatbutikk som ligg midt i hjarte av fjellbygda Lom!

Det er eg, Lise, som er dagleg leiar, og som brenn for norsk, småskala mat og drikke! Og det er det fleire grunnar til; både for å bevare tradisjonar rundt matkultur, for å få ubehandla mat av reine råvarer hausta i sesong, som er minimalt behandla og utan unødige tilsetjingar. Og sjølvsagt fordi eg tykjer det er viktig å støtte norsk matproduksjon, og særleg dei små som har meir fokus på god dyrevelferd. Velg norsk og lokalt!

Vi er ei sesongbedrift som har mest ope frå våren og til jul, med noko stengt om vinteren. Det er utfordrande (men jælma artigt) å drive nisjebutikk i ei lita bygd med berre 2200 innbyggare! Vil du høyre meir om tankane mine rundt det, samt oppdateringar og nyheiter frå butikken, kan du melde deg på nyheitsbrevet mitt HER.

Du kan kontakte meg på mail post@smakilom.no eller tlf: 47 64 21 13.

Butikklokale Smak i Lom. Kunde som handler i kassa. Grønnsaker.