Smak i Lom

Årets lokalmat-ildsjel


Tusen takk, vi er så stolte! Vi fekk prisen for årets lokalmat-ildsjel i Gudbrandsdalen 2018, på Mataukfestivalen på Lillehammer.
Frå Fjuken:
Der vart nemleg bedrifta som vart etablert i 2014 overraska med prisen som «Årets lokalmatildsjel i Gudbrandsdalen 2018».

Smak i Lom sel lokalprodusert mat og drikkevarer, noko dei òg serverer gjestane sine.

Prisen vart delt ut fredag under Mataukfestivalen på Lillehammer. Kriteria for å få denne heideren er at den nominerte er råvareprodusent eller foredlar av lokale produkt, er kokk, restaurantdrivar eller hotelleigar som framsnakkar lokalmat eller ein som på annan måte bidreg positivt til utviklinga av lokalmatmarknaden. Det er Mataukfestivalen og Sparebank1 Gudbrandsdal som står bak prisen på 10.000 kroner.

– Dette var artig, og jælma overraskande, seier dagleg leiar Lise Frøise på Smak i Lom. Diplomen skal få ein sentral plass i butikken. Frøise fortel at deltakinga for dei på festivalen på Lillehammer har vore ein suksess elles òg.
– Det er berre andre året vi er med, men vi har vorte godt motteke og salet har vore svært bra.